Rundt Lalm er det skog og fjell på alle kantar,
og i dalbotnen bruser Ottaelva grøn og frisk.
Lalm ligg i Vågå kommune, midt mellom Vågåmo og Otta, og har om lag 300 husstandar. Staden har storslått natur, spennande historie, trygge oppvekstvilkår for barna, og er ein fantastisk plass å bu for store og små. Lalm har plass til alle som vil flytte hit.
Om du er ung eller gammal, aleine eller har med deg familie, eller du ønskjer å flytte verksemda di frå ein travel by til ein stad med vakker natur, er du velkomen til Lalm, eit triveleg lite sentrum i Ottadalen mellom Jotunheimen og Rondane. Lalm ligg ca. 355 m.o.h.
Nedst i industrifeltet, i området rundt Kvennberget, ligg det nokre store kampesteinar som vitnar om den kolossale vassføringa i dalstrøket i fjern fortid. Steinane har spor etter jettegryter på undersida, og er spennande utforskings- objekt for både store og små.
Ei tidlegare namneform for Lalm er Ladalm. Namnet kjem sannsynlegvis av at det var stabla opp og lødd vinterfôr her, i ”la og lyu”.
Skrifter fortel at det var drift på Lalm allereie på 1400-talet, men truleg var det brote kvernsteinar alt i vikingtida. Gardane hadde bekkekverner, og det trongst kvernsteinar. Frå kvernberget vart det levert steinar både i Noreg og til utlandet.
På same tid vart det teke myrmalm og laga jern. Ved fjellvatnet Melingen finst merke etter jarnblåster. Mela og lendet rundt er ein interessant stad. Her vart det drivi pottemakararbeid, for her fanst fin leire. Her drog dei òg ståltråd, og langsetter bekken ligg mange kvernhus.
Coop Prix Lalm ligg midt i sentrum. Her får du det meste som trengst til dagleg. Her er det personlig service å få. Leikaplass. Benker/bord. Dessutan kan du treffe alle du har lyst å bli kjend med. Butikken kan også tilby tipping og post i butikk.
Frå sentrum er det gangavstand til det meste: Butikk, idrettsplass,/ishockeybane rullski/lysløype, frisbeegolfbane, samfunnshus, barnehage.
Ein del bedrifter av ulikt slag finst også nær sentrum. Lalm har o ein ”Bed and Breakfast”- og Airbnb. Ledige bustadtomter er det også
Rundt Lalm er det skog og fjell på alle kantar, og i dalbotnen bruser Ottaelva grøn og frisk.
På Tolstadåsen eller Hovdasfjellet finst det bær og sopp. Der er det òg fine turområde som gjev fantastiske naturopplevingar. På Hovdasfjellet er det alpakkavandring/overnatting.
Rondane og Jotunheimen er innan rekkevidde. Det er ikkje lange bilturen til Høvringen eller Gjende. Vestlandet kan nåast på fleire måtar, f.eks. via Stryn eller Bøverdalen og Sognefjellet. Vil ein sleppe å kjøre sjølv, finst det bussruter til alle retningar.
Sjodalen er eit fantastisk jakt-, fiske- og turmål – eit vakkert område til alle årstider.
Oppdatert 18. november 2024.