Historie/kultur

Kvennberget (Tolstadkvennberget)

I 1987 vart Kvennberget freda i medhald av lov om kulturminne.

Formålet med fredinga er å ta vare på verknadene av dette fornminnet i landskapet, og verne dei vitskaplege interessene som knyter seg til dette.

Det var ei lokal tilsynsnemnd for Kvennberget som tok initiativ til fredinga. Årsaka var at om- rådet nord for Kvennberget var planlagt til industriformål, og ein frykta at nye tiltak kunne få negative verknader for dette kulturminnet.

Det finst ikkje svar på kor langt attende i tida dei har hogge kvernstein i Kvennberget på Lalm. Skrifter fortel om drift på 1400-talet, men det er grunn til å tru at dei braut kvernsteinar til handkverner alt i jern- alderen. Det var kverner i alle bekkar. Alle gardar hadde kvern eller part i kvern, og nokre hadde fleire.

Steinane frå Kvennberget gjekk for å vera av spesielt god kvalitet. Det var difor stor pågang etter dette steinsla- get. Det var levert steinar til heile sør- delen av landet.

Også til utlandet frakta dei steinar, først og fremst til Danmark, men også til Nederland og Mellom-Europa elles. Arbeidet i Kvennberget heldt fram til ut i 1870-åra. Men etter at Rørosbana vart bygd, var det Selbusteinen som tok over marknaden på Austlandet. Det er tilrettelagt for å oppleva Kvennberget. Følg skilta frå Lalm, det er merka stig fram.

Fram til 1640 var Tolstad og Kvennberget krongods. Alle som ville, kunne hogge kvernsteinar mot at eigaren fekk kvar fjerde stein. Frå 1830-åra og framover var det mange som hadde vinterarbeid her. Folketalet auka mykje i denne tida, og det var vanskeleg å livnære seg for mange.


Lalm samfunnshus har ei utstilling over temaet. Ta kontakt på telefon 48022559 om du vil sjå utstillinga.

Det er skilta til Kvennberget frå Rv 15 ved samfunnshuset på Lalm.

Facebookside

Eidefossen

Det som bl.a. vart starten for energiselskapet Eidefoss, er førekomsten av kleber på Lalm. Så kanskje takka vera klebersteinen på Bårstad, er Eidefoss den solide verksemda vi ser i dag?

Bildet er lånt av Terje Kleiven.

Kraftstasjonen i Eidefossen, som vart bygd for å levere strøm til Bårstad, la i alle fall eit godt grunnlag for selskapet. Ein kan trygt seia at Bårstad, Eidefossen og Lalm har vore med på å skapa krafthistorie i Gudbrandsdalen.

I 1916 vart Eidefoss Kraftanlæg Aktieselskap stifta, og alt i 1917 vart første aggregatet sett i drift. I 1920 kom det andre aggregatet, og frå da av produserte kraftstasjonen årleg ca. 10 GWh. I 1983 vart den gamle kraftstasjonen erstatta av ein ny, som produserer 8 gonger så mykje som den gamle, det vil seia nok elektrisk energi til 4000 einebustader. I 2004 vart den gamle inn- taksdammen for Eidefossen fjerna, og det vart bygt ein ny dam som er 3 meter høgare enn den gamle. Ottaelva kan ha ei flomvassføring på over 1000 m³/s, og den nye dammen kan sluke ein så stor flom betre enn den gamle.

Det er mange frå Lalm som har hatt arbeid i Eidefoss opp gjennom tidene – blant anna var 14 av dei 18 linemontørane i 1960-åra frå Lalm. Desse montørane hadde frammøte i Eidefossen, og Eidefoss hadde også lager for linemateriell der. Både frammøteplassen og lageret vart flytta til industriområdet på Lalm, som kallast Kolbotn, da den nye Eidefossen kraftstasjon vart sett i drift. Den gamle kraftstasjonen og maskinistbustaden vart samstundes sanert.

Stasjonen, som nesten ikkje er synleg i dagen og ligg 1 km aust for Lalm sentrum, har ei høgde frå botnen til toppen som er tilsvarar høgda på sjukehuset på Lillehammer.

Les meir på
www.eidefoss.no


Kleberindustrien

I 1850-åra vart vegane i distriktet vårt utbetra, og i 1896 vart jernbana førd fram til Otta. Dette var med på å leggje forholda betre til rette for steinindustrien. I 1898 starta Jakob Stampen Otta Klebersteinsforretning. Han hadde fått hand om dei store førekomstane på Hans Tolstads eigedom. Han la opp til stordrift, og han skulle ha hatt opp til 150 mann i arbeid med vegbygging fram til førekomstane, bryting av kleber og i omnsverk- staden i Stampa på Selsverket. Føretaket vart kortvarig; berre etter få år stansa det heile opp. Verkstaden på Selsverket var likevel i drift heilt til 1922, da Østlandske flytta det til Sagflaten.

Bildet er lånt av Terje Kleiven.

I 1896 vart også  Norsk Kleber- og Skifer- forretning etablert, med disponent Hansen (”Kleber-Hansen”) frå Oslo i leiinga. Han leigde berg frå Øvre Åsåren, og ein del av Åsårberget har fått namnet Hansenbruddet etter han.

I nokre generasjonar hadde det vore hogge ut kleber til gryter og skorsteinar, og inne i gruvene kunne dei arbeide året rundt.

På ei ”hylle” i ei gruve vart det ein gong funne ein stålboge med pilar.

I 1912 etablerte Norway Talcmill seg på Bårstad i Vågå, først med produksjon av eldfast stein, seinare med produksjon av talkum. Etter ein brann i mølla i 1915 vart Bårstadanlegget selt til det nystarta AS Østlandske Stenex- port. Dei fekk hand om alle rettane etter Jakob Stampen, og vart heretter det leiande firmaet innan kleberpro- duksjonen i Gudbrandsdalen.

Drifta på Bårstad vart lagt ned i november 1987. Det er trist å sjå at i nær framtid vil Bårstad bli rivi. Bygningane er selde. Eit industrieventyr blir jamna med jorda for godt – eit stort tap for Lalm. For meir informasjon, sjå i bygdeboka for Vågå og Sel, band 3.

Sjå eiga utstilling på samfunnshuset.

Les mer om Lalm her: https://no.wikipedia.org/wiki/Lalm

Det er lang folkemusikktradisjon på Lalm. Her kan de sjå på eit innslag frå NRK.
https://tv.nrk.no/program/FMUS00004178?source=thirdpartycatalog

Det er òg kjende kunstnarar frå Lalm, m.a. Olav Hanslin. https://nkl.snl.no/Olav_Hanslin